6/4-10 Tillegg for levering via Altinn er utsendt. Dersom du ikkje har fått dette på epost, send oss ei melding med di nye epostadresse.
|
12/2-10 2010A-versjonen av rekneskapsprogramma er lagt ut til nedlasting for kundar. Faktura for 2010 ligg også til nedlasting.
|
1/2-10 Nye demofiler er lagt ut til gratis nedlasting
|
15/1-10 2009B-versjonen er klar til nedlasting. Ny funksjon er f.eks fordeling av telefonkostnader mellom drift og privat med ein enkel trykknapp.
|
6/11-09 Til våre kundar: Pass på at du sender melding om du har ny epostadressa !
|
16/2-09 2009A-versjonen er lagt ut til nedlasting. Faktura for oppdatering ligg til nedlasting som pdf.
|
21/1-09 2008B-versjonen er lagt ut til nedlasting.
|
12/11-08 Nytt fakturaprogram for dei som har Excel 2007 er ferdig! Her vil det automatisk bli generert pdf slik at du kan senda faktura elektronisk.
|
15/9-08 Nettsida vår er under vidareutvikling. "Ofte stillte spørsmål" kan vera til hjelp for td føring eller tekniske problem. Me vil også presentera oss betre under "Om oss".
|
31/1-08 Nye demofiler er lagt ut til nedlasting. 2007B-versjonen er sendt ut til alle kundar.
|
14/11-07 B-versjonen for 2007 er under utarbeiding. Skatteetaten har lagt totalt om på sjølvmeldinga, og i vårt program satsar me på at dette skal resultere i forenkling. Ellers er det opna for nye tekniske finessar, i og med at overgangen til VBA som programmeringsspråk er fullført. Vel og merke skal dette bli til hjelp for brukaren til å unngå feil ved arbeid med programmet, ikkje for å lage massevis med forvirrande knappar og fiksfakseri.
|
25/6-07 I den nyaste versjonen (2007A) er det ein ny funksjon: Føringshjelp. Her vil du steg for steg bli rettleia gjennom føringa for at den skal bli korrekt.
|
23/1-07 Den endelege versjonen for 2006 (B-versjonen) inkl rapportgenerator er no lagt ut til nedlasting eller sendt på CD til alle kundar. Sjå også nye skjermklipp frå siste versjon.
|
1/12-06 Ny generator for å lage rapportar i samsvar med ny bokføringslov er på plass til B-versjonen for både landbruksrekneskap og anna næring. Her kan du ta ut både hovedbok og reskontro, med utvalg.
|
31/3-06 Tilleggsprogram for elektronisk innsending via Altinn er lagt ut til nedlasting. Link er tilsendt.
|
7/2-06 Kraftig oppgradering av fakturaprogrammet ! Vår nye versjon er i samsvar med ny bokføringslov, og har også enkel rutine for purring. Pris kr 350,-
|
4/1-06 Ny versjon, VOSS2005B, er no klar til nedlasting. Bruk knappen "Logg inn". Info har blitt sendt ut på epost, dersom du ikkje har fått dette, sjekk om du har meldt frå om evt ny epostadresse.
|
23/12-05 Utgifter til heimekontor kan etter endringane i bustadskattlegginga for landbruket utgiftsførast med kr 1350 som standardsats. Vilkåret er at rommet berre er til kontorbruk.
|
6/11-05 Ny og oppdatert demo og skjermklipp frå 2005-versjonen av landbruksrekneskap er no lagt ut til nedlasting.
|
26/8-05 Nytt firmanavn! VR-landbruksdata AS har endra namn til Landbruksdata Voss AS. Ellers er alt som før. Bakgrunnen er at me innser at forkortinga VR (som refererer til Voss Rekneskapslag), ikkje blir forstått.
|
2/5-05 Link for nedlasting av modul for Altinn-levering er no utsendt! Likningsskjema kan no leverast elektronisk frå VR-rekneskapsprogram.
|
8/4-05 Vellukka innsending av VR-landbruksrekneskap til Altinn! For å kvalitetessikra programmet for innsending vil dette likevel ikkje bli utsendt til våre kundar før i slutten av april.
Fristen for innsending via Altinn er 31/5.
|