Landbruksdata Voss as har utvikla eit enkelt Excel-basert rekneskapsprogram for mindre lag og organisasjonar, eller andre som ikkje har oppgåveplikt til det offentlege.
Dette har vi og vald å distribuera gratis til alle som måtte ha bruk for det - på same måten som vårt populære fakturaprogram.
Programmet er enkelt, og langt på veg sjølvforklarande i bruk.
For å bruka programmet må ein ha norsk Excel rekneark 97 eller nyare versjon. Utover det stiller ikkje programmet systemkrav.
Landbruksdata Voss as gjer merksam på at sidan dette er eit gratisprogram, gjev me ikkje brukarsupport i vanleg forstand på dette programmet. Me kan heller ikkje gje nokon garantiar for at programmet fungerer optimalt på din PC, og kan heller ikkje ta noko ansvar om programmet fører til problem på din PC.
Me vil gjerne vita kven som nyttar seg av tilbodet om å få eit enkelt og fritt rekneskaps program . Du må difor fylla ut minimum namn og e-post adresse i skjemaet nedanfor for å kunna lasta ned programmet.
Landbruksdata Voss as gjer merksam på at me reserverer oss retten til å kunna bruka desse opplysningane til å senda ut informasjon om rekneskapsprogrammet og anna programvare. Me set vår ære i at opplysningane ikkje skal bli misbrukt (spam o.l.).
Når du har fyllt ut skjemaet og trykkjer "SEND" vil du få opp ei stadfesting, og kan starta nedlastingsprosessen ved å klikke på "Hent programmet"
(Du kan og be om å få tilsendt programmet via e-post)