Gratis fakturaprogram
Landbruksdata Voss as har - som eit supplement til rekneskapsprogrammet vårt - laga eit enkelt Excel-basert fakturaprogram.
Dette har vi nå vald å distribuera gratis til alle.
Programmet er enkelt i bruk, det held styr på fakturaene dine og gjev utskrift på giro-ark.
For å bruka programmet må ein ha  Excel rekneark. Utover det stiller ikkje programmet systemkrav

Merk at vi også tilbyr ein utvida versjon av fakturaprogrammet for kr. 350,-/400,-   + MVA. som er i samsvar med bokføringslova for næringsdrivande.

Landbruksdata Voss
as gjer merksam på at sidan dette er eit gratisprogram, gjev me ikkje brukarsupport i vanleg forstand på dette programmet. Me kan heller ikkje gje nokon garantiar for at programmet fungerer optimalt på din PC, og kan heller ikkje ta noko ansvar om programmet fører til problem på din PC.
Me vil gjerne vita kven som nyttar seg av tilbodet om å få eit enkelt og fritt faktura program . Du må difor fylla ut minimum namn og e-post adresse i skjemaet nedanfor for å kunna lasta ned programmet.
Landbruksdata Voss as gjer merksam på at me reserverer oss retten til å kunna bruka desse opplysningane til å senda ut informasjon om rekneskapsprogrammet og anna programvare. Me set vår ære i at ikkje opplysningane blir misbrukt (til spam o.l).

Når du har fyllt ut skjemaet og trykkjer "SEND" vil du få opp ei stadfesting, og kan starta nedlastingsprosessen ved å klikke på "Hent programmet"

(Du kan og be om å få tilsendt faktura-programmet via e-post)



E-post:   
Navn:    
Adresse:   
Poststad:   
Telefon:   

Kommentararer/spørsmål: