Landbruksdata Voss as har utvikla eit avansert Excel-basert fakturaprogram.
Programmet er i to versjonar; ein for dei som har Excel 97 til 2003, og ein for dei som har Excel 2007.
Prisen er kr. 350, - + MVA for den eldste versjonen, og kr. 400, - + MVA for den nye.
Programmet er enkelt i bruk, det held styr på fakturaene dine og gjev utskrift på giro-ark. Det er bygd over samme leist som gratisversjonen, men har følgjande forbetringar:
- inntil 3 ulike MVA-satsar på samme faktura
- "foto" av tidlegare utskrivne faktura
- kobling mot prisliste
- utvida kundeliste
- plass til fleire linjer på giro
- evt vedlegg til giro
- betre brukarrettleiing
- enkel rutine for purring
- innlegging av logo
Versjonen for Excel 2007 har også:
- pdf-generering for utsending av faktura som vedlegg til epost.
- ein ekstra mva-sats, slik at ein enkelt faktura kan innehalde både 25,14, 8 og 0 % mva
- innlegging av logo er tilpassa Office 2007
For å bruka programma må ein ha norsk Excel rekneark 97 eller nyare versjon. Utover det stiller ikkje programmet systemkrav.